mandag 31. mars 2008

SERIEOPNING , BRANN - FREDRIKSTAD 4-2

30.03.08 ventar ein fullsett stadion
- på 3 poeng
- på å få bekrefta seriemestertakter

Matta var jo så grøn og lekker.
Men vi visste alle at den der matta står ikkje akkurat i fare for å tørke inn.
To dagar før serieopninga låg snøen kvit der.Det skal ikkje bli ein lett bane å spele på.

Det var ikkje lenge målløst på banen.
Var det 17 min. det gjekk før fjorårets toppscorar gav oss det han alltid gir oss?
Og "Vi har Thorstein Helstad..." fylte heile stadion.
Så dala det fort, og det var til tider målløst på tribunen og håpløst på banen.
Det vart 1-1, 2-1,2-2
Etter denne kampen nemner vi ikkje eit ord om ballbesittelse, tenkte eg.(Men eg visste at akkurat det gjer vi.)
Her får vi jammen sjå resultatet av at trenarane måkar snø i dagane før serieopninga.

Så begynner eg å gjenkjenne laget.
Det er pinadø samme lag som i fjor.
Og egentlig så liknar denne kampen på andre Brann kampar eg har sett.Det såg vi i fleire kampar i forrige sesong. Det kunne i periodar sjå tafatt og håplaust ut, men dei gav aldri heilt opp, og putta inn måla dei skulle ha.
Helstad gav oss 3 og Karadas 1.
Brann er der dei skal vera, øverst på tabellen.
Thorstein Helstad er der han skal vera, øverst på Scoringslista.

Eg hadde det i første omgang frykteleg der nede i hjørnet på Hansatribunen, men akk mange bekymringar forsvant i løpet av 2.omgang.