lørdag 31. mai 2008

BRANN - MOLDE 4-3

Eg har ikkje ord.
Eg har berre bilder av ein senegaleser som spring og spring og alltid spring forbi.

(Eller er dei ikkje frå Senegal? - jo, eg trur det.)


fredag 30. mai 2008

DRITREDDA

No kjem den der dritredda over meg igjen.
Og kvar gong den melder seg har eg aldri vore så dritredd som denne gongen. Og egentlig,ja i bunn og grunn er det jo revnende likegyldig kven som tar 3 poeng på lørdag.
Det er jo ein så ørliten bit av meg som egentlig bryr seg. Likevel går eg inn i denne biten og er dritredd.
Er det slik at vi som ikkje vart skodespelarar, vi går fort inn i dette supportarskodespelet?
Det å gå inn i eit drama som ikkje påvirkar nattesøvnen din.
Forlate tankar om kva vi egentlig driv på med i Afgahnistan.
Tenk om eg kunne stikke inn i dette rommet då Pettersen egentlig hadde så frykteleg lyst til å bli med Bush til Bagdad.
Tenk om eg då berre kunne stikke inn i dette rommet og vere dritredd for at Molde skulle rappe poeng på Stadion!!
Det er langt mindre frustrerande å gruble på denne Husekleppkontrakten, enn å fundere på kor mykje norske sugerør egentlig får trekt nordover frå den søndre halvkule.

Puhu, nei Molde begynner eg å bli passe dritredd for no.
Eg var så fordømrade skråsikker, men tenkte ikkje på alle som skulle bli med på denne Ågegreia. Demba-Nyrén og Tijan Jaiteh på landslagspill med Gambia i 1 mnd.
Kven er egentlig friske og på plass i Brannstallen no?

Å tape denne kampen ville vere så fordømrade forsmedeleg.
MEN det blir ikkje tap.
Det kan umulig bli tap mot Molde.
Åh eg skulle så gjerne sjå ein heidundrande målfest no.
Hattrick frå Helstad,
Ja, det kan fort bli Hattrick frå Helstad igjen.

Vi skal "...kjempe heilt til fløyten går.For kem står imot,når presset blir stort den 12.mann på StoreStå?..."

torsdag 29. mai 2008

TAKK FOTBALLKJERRINGAR!

Takk Petunia for denne prisen!

"Tone.Du skal få den fordi jeg synes det er så flott at du har laget en blogg for oss litt fotballgale kjerringer:) Deilig å kunne diskutere Martin og andre manneben uten at ja, akkurat andre manneben som tror de vet alt bedre, skal overprøve alt man har på hjertet."
Å fylle opp kommentarfeltet sammen med deg Petunia er innmari artig.



Elisabeth Augusta (ser du Elisabeth, eg har fått med meg Augusta) gav meg denne, og ho har fått med seg at her er det i kommentarfeltet det skjer:)

De kunne godt få desse begge to...hmm...søren ta, de skal få desse. Det går jo an å få dei frå ørten personar:)
Modige Elisabeth som eg skal på kamp med til lørdan.
Og Petunia som eg skal bere meg med etter og kanhende før Molde-kampen. OG er det ikkje særleg å bere seg over så drar vi ein Martin igjen.
...men det blir sikkert ikkje nødvendig.

Helle skal og få desse. Helle sender billeddrypp med jamne, eller var det ujamne, mellomrom. Det er kjekt å besøke deg i den sarte fine bloggen din, Helle.

Og så har vi han Esquil
At eg skulle dra an Esquil inn hit til Bataljon kjerringane det hadde eg no aldri trudd, og eg trur neimen ikkje eg tør fortelje han det heller :) men her ligg han anbefalt til alle.
Ingen røler som Esquil røler, eg anbefaler han på det varmaste. Kreativ som søren og skriv himla bra. Det er ikkje så lenge sidan eg kom over denne Esquil, men han kom fort inn på min bloggroll.Han er ein av dei på min Bloggroll eg faktisk besøkjer dagleg.

søndag 25. mai 2008

VIKING - BRANN 1 - 2

Det hadde eg ikkje våga tru på, ihvertfall ikkje før det nærma seg avspark.
Dei skal lande på Flesland med 3 bloferske poeng.
...eh...og tre spelarar som måtte ut med skade.

VIKING - BRANN

Hu, korleis skal dette gå?
Det hender ofte at eg ynskjer Viking lykke og hell, men ikkje i kveld.
- IKKJE I KVELD!!!
Men eg fryktar, gu som eg fryktar!
Viking har ydmyka oss så til dei grader at sjølv målkalaset i haust gjorde ikkje opp for det. Ja, eg veit at vi ikkje skriv ydmyka på nynorsk, men vi vart det på bokmål for søren, vi vart ikkje audmjuka, det var ikkje så sterkt, berre ein kraftig ydmykelse.
MEN, gjer dei det igjen i kveld, ja så nærmar det seg audmjuking.

- Og ja, Viking fryktar eg.
Eg er klar over at dei tapte for HamKam, og at dei fekk skambank på stadion i haust.MEN det er alltid skummelt når Brann møter Viking.
Det er så skummelt faktisk at eg har ikkje vore nervøs ein gong,eg har vore så sikker på at Viking skal vinne, så resignert at noko meir enn poengdeling har ikkje sveve meg, og poengdeling har eg rekna som så usannsynleg at det var berre ein vanvittig draum.

MEN NO, no er det berre 4 timar til start, og noko begynner å krible. Dei kan fort komme heim med 3 poeng.

Opdal kan fort bli matchvinnar igjen.

Winters kan...Helstand kan..., herregud som dei kan da mann.
MEN...

...eg trur dei tar med seg 3 poeng heim igjen eg.

søndag 18. mai 2008

TAKK MARTIN!! EG ER NULL STILT

1-0 mot Martin og Vålerenga hjalp, det virkar rett og slett som om eg er 0-stilt. Den der skuggen som låg over Martin Andresens tid i Brann er liksom borte.
Ja, så lite supporter er eg.
Det var ikkje kjekt å sjå han i den banale lyseblå drakta, det var ikkje det, som nemnt i forrige post så tok han seg utvilsomt betre ut i RAUD DRAKT.
Likevel, noko er forandra. Det ligg ingen skuggar over gullet lenger. Det var faktisk slik at då han sjokkerte i blått, og då det vart kjent at han hadde prøvd å rekruttere fotballekspertise til Vålerenga medan han var kaptein for Brann på veg mot eit seriegull. - Ja, då var heile verdien av dette gullet borte her, eg tenkte pokker at det vart eit gull, pokker at det vart gull med slik dritt på, eg ville heller ha sølv.
Slikt seier du jo ikkje høgt, slikt skriv du ihvertfall ikkje når du fortsatt meiner det. Det er andre og som var med å kjempe for gullet, det er jo 11 mann på banen til eikvar tid.Det var "værdens bæste kiiipår" som sanka 3 poeng gang på gang.Det var ein toppscorar, det var ein Brann stall som kjempa og ikkje gav seg.
Vel, etter 1-0 mot Vålerengen er det heilt OK at an Martin og var med i gullåret.
Det er faktisk kjekt at han bidrog. Før var det synd at han bidrog, eg visste så altfor godt at han bidrog, men det var ikkje kjekt.

DET ER KJEKT AT DU VAR I BRANN, MARTIN.
TAKK FOR ALT DU BIDROG MED!
Men fy så glad eg er for at du ikkje fann nettmaskene 16.mai!!!
Det var leit då du drog.
Men no synest eg det skal bli så himla spennande å sjå Eirik Bakke vekse i trøya at eg er nesten glad du drog.
Det er kjekt med nokon du veit er dyktig, men det er grådig spennande med ein mann i utvikling.
Eg trur Eirik Bakke har potensiale til å bli ein orntlig god kaptein.
...hmm...eg er glad for skiftet, det er spennande.
Nytt og spennande.
...og den fine rompa!!

FORFALL

Kva er det dei har gjort med Martin?
Han tok seg godt ut i raud drakt.(Alle veltrente menn tek seg godt ut i Brann drakt.)
FOTO av Brann offisielle årbok 2007

Vel, ikkje nok med at dei har putta han inn i ein lysblå babydress.
- Men kva søren er det som har skjedd med kroppen hans?
- Hengepupper
- Merkelig forvridde bein, og underlege proporsjonar.



MÅTTE ALDRI EIRIK BAKKE GÅ TIL VÅLERENGEN!!!

lørdag 17. mai 2008

1 - 0


BRANN - VÅLERENGEN 1 - 0
BAKKE - ANDRESEN 1 - 0
MJELDE - ANDRESEN 1 - 0

SLIDESHOW

tirsdag 13. mai 2008

16.mai kamp med ettersmak av 2007

Denne gongen er det ikkje Brann – Vålerenga,
det er Brann – Martin … og så er Vålerenga med.
Eg har aldri sett Brann – Vålerenga på stadion, og denne gongen blir det ikkje eit vanleg Brann – Vålerenga oppgjør.
16.mai er første gong vi ser Martin Andresen på Stadion etter gullfesten.

Kva lyd blir det når Martin Andresen blir ropt opp?
Det blir garantert ikkje som når Kvisvik besøker Stadion.
Eg trur ikkje vi kan sei han har drete på draget heller, han visste kva han gjorde.
Martin Andresen er ikkje dum.

Han er ein mann med ambisjonar, og han er dyktig
Eg oppfattar han som ein mann med ambisjonar på vegne av seg sjølv aleine.
Det er heilt legalt, du kan fort bli hata, men sjeldan elska.

Men altså, dreit han på draget då han ikledd Branndrakt prøvde å få andre i Brannteamet med over til Vålerenga?
-
Var han berre iskald og visste akkurat kva han gjorde?
- Eller var han litt ute av kontroll?
Var han litt for berusa av at han hadde nådd målet slik at han gjorde ting vi berre ikkje gjer.
Vart han litt for fort litt for ivrig etter å nå nye mål?

Det er klart du blir ikkje elska når du går over frå Brann til Vålerenga før gullet har kolna etter det kom frå smia,
når du stiller i blått før sesongen er over,- skal vedde på han hadde Branntrøya under den blå, kunne knapt ha tid til å få den av.
Det er ikkje akkurat slikt supporterar har forståelse for.
Likevel, det som mest av alt er ille det er dette at han undersøkte mulighetene for å få andre med over fra Brann til Vålerenga medan han fortsatt var Brannspelar.

Det verste er at eg får ikkje til å ønske han anna enn lykke og hell.
Ikkje med Vålerenga då, nei søren heller, Vålerenga og Martin skulle eg ynskje vart banka til dei grader 16.mai. Dei måtte gjerne rykke ned!!
Utover det så ynskjer eg mannen lykke og hell uansett om han har drete på draget eller berre vore iskald og kynisk.

Eg får berre ikkje til å hate eit heilt menneske.
Eg får heller ikkje til å leggje bort siste del av gullåret når eg tenkjer på neste heimekamp.