mandag 31. mars 2008

SERIEOPNING , BRANN - FREDRIKSTAD 4-2

30.03.08 ventar ein fullsett stadion
- på 3 poeng
- på å få bekrefta seriemestertakter

Matta var jo så grøn og lekker.
Men vi visste alle at den der matta står ikkje akkurat i fare for å tørke inn.
To dagar før serieopninga låg snøen kvit der.Det skal ikkje bli ein lett bane å spele på.

Det var ikkje lenge målløst på banen.
Var det 17 min. det gjekk før fjorårets toppscorar gav oss det han alltid gir oss?
Og "Vi har Thorstein Helstad..." fylte heile stadion.
Så dala det fort, og det var til tider målløst på tribunen og håpløst på banen.
Det vart 1-1, 2-1,2-2
Etter denne kampen nemner vi ikkje eit ord om ballbesittelse, tenkte eg.(Men eg visste at akkurat det gjer vi.)
Her får vi jammen sjå resultatet av at trenarane måkar snø i dagane før serieopninga.

Så begynner eg å gjenkjenne laget.
Det er pinadø samme lag som i fjor.
Og egentlig så liknar denne kampen på andre Brann kampar eg har sett.Det såg vi i fleire kampar i forrige sesong. Det kunne i periodar sjå tafatt og håplaust ut, men dei gav aldri heilt opp, og putta inn måla dei skulle ha.
Helstad gav oss 3 og Karadas 1.
Brann er der dei skal vera, øverst på tabellen.
Thorstein Helstad er der han skal vera, øverst på Scoringslista.

Eg hadde det i første omgang frykteleg der nede i hjørnet på Hansatribunen, men akk mange bekymringar forsvant i løpet av 2.omgang.

torsdag 7. februar 2008

"VI HADDE TRO"


...
Så kom det hem
så kom det hem
så kom det...
gullet det kom hem
...
Fra lærerrevyen 2008 ved Hib.

onsdag 6. februar 2008

VENTAR PÅ POENG

Null etter null fyller tabellen no.
Det er ikkje før 29.mars at dei første poenga skal rulle inn.
Måtte berre 1.runde starte med ein poengdelingskamp!!!



Laga står der i fin alfabetisk orden, men det skal ikkje vare lenge.
29.mars begynner Ålesund og Vålerenga å samle poeng, og så dei neste to dagane er resten av laga i gang.
Då er det slutt på alfabetisk orden, heisen startar og lag skal opp og ned på tabellen frå runde til runde.
Bortsett frå BRANN.
VI VIL BERRE OPP!!
Hmm...sånn sett er det litt greit for Vålerenga og Viking som startar i bånn. dei får verkeleg klatre.

Vel, det spørst om Vålerenga får klatre særleg då!!

FIFA vil begrense talet på utanlandske spelerar.

FIFA-president Sepp Blatter vil ha berre 5 utanlandske spelerar i første ellveren.
Pr. idag er det vel ikkje eit stort problem for BRANN om dette blir vedteke.

Eg er vel ikkje uenig med forslaget, men det vil jo få konsekvensar for ein del klubbar.
Vil det óg føre til enda høgare prisar for norske spelerar?
Eg håpar verkeleg ikkje det, men ser at det fort kan skje.

Forslaget vil bli lagt fram i mai, og eg tippar det skal bli ein heftig diskusjon framover.

torsdag 31. januar 2008

Nathan Burns, Brann, Hardball....

Nok ein Australier,Nathan Burns, 19 år, er på veg til prøvespel med Brann på La Manga er dagens Brann nyhet i BT.

No går det unna gitt. Det var såå stille i Brann, ikkje ein spelar var det snakk om å kjøpe, og no rullar dei inn på løpende bånd.
Men, kor er Hardball?
Er dei involvert i nokon av innkjøpa?
Det trur eg neimen ikkje.

Spelarane som er kjøpt inn no, er det nokon av dei som alt er klar for utfordringane som ligg like om hjørnet?

Eg får ein følelse av at det er noko orntleg ugreit i relasjonen til Hardball no.
Er det ein maktkamp som pågår?
Er det separasjon?

HARDBALL LINK:
Nettavisen
BT:Brann ønsker Hardball med videre

mandag 28. januar 2008

BRANN på januarinnkjøp

No har eg vært smånervøs og lurt på om ikkje BRANN har tenkt å handle. Vel, no har dei vore på salg, og no er eg litt smånervøs igjen, veit liksom ikkje stort om desse nye spelarane som er på veg inn i BRANNstallen.
Kva er det dei kjøper, er det dei rette spelarane?

DEMBA har eg tru på at skal gi oss gode øyeblikk, det er eg overbevist om.
- Berre han blir speleklar.

GYLFI EINARSSON, ja eg håpar han skal bli ein like god mann for oss som hans landsmenn har vore.
Islending kling slett ikkje dårleg i mine øyre. Men, han kan umulig vere klar.
Kor mykje trening treng han, kor mange kampar har han spela siste året?

I dag ser eg at vi får ein Australsk back.
Det blir spennande, Australia kling ikkje like godt hos meg som Island, men eg håpar han er god.
MICHAEL THWAITE
Eg er såå spent.


FORSMAK PÅ DEMBA