onsdag 2. juli 2008

TAKK FOR BESØKET, VALDRES!

Det var glissent på tribunen då Brann møtte Valdres, og i denne kampen var det utvilsomt bortelaget som fekk mest støtte frå supportarane sine.

De vann kampen på tribunen.
Inntil Brann - Valdres var det Molde supporterane som hadde gjeve mest lyd frå seg på Stadion, men dei vart grundig slått av denne gjengen frå Valdres som støtta laget sitt heile kampen gjennom.

På banen var det trass i at Brann ikkje viste glitrande spel det beste laget som vann 3-1.
Kampen var ikkje gammal før Helstad sette det første målet. Og trass i at Valdres mange gonger kom farleg nær våre målstenger var det vel egentlig ikkje veldig skummelt.

Derfor kjem eg aldri til å gløyme Valdres:
- dei hadde ein utruleg supportartropp.
- og det var mot Valdres at Thorstein Helstad scora mål nr. 100 for Brann.

SLIDESHOW MED FLEIRE FOTO

4 kommentarer:

Elisabeth Augusta sa...

Det var artig å ha valdrisen på besøk. Supportere med lyd i er noe vi liker.

Tone sa...

Og neste år får de besøk av dei på Stord.
No må de nok trene iherdig.

Elisabeth Augusta sa...

Jeg kommer til å måtte utvikle splitta personlighet.

Tone sa...

Splitta personlighet?

Du korrigerte meg jo, eg tenkte jo de skulle møte Valdres neste år, men det er jo ikkje før de begge er i Adecco ligaen :)
Men øve må de jo like fullt.
Du, eg lurer rett og slett på om eg begynner å få hjertet litt i Valdres og eg :)