Viser innlegg med etiketten FØR AVSPARK. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten FØR AVSPARK. Vis alle innlegg

søndag 25. mai 2008

VIKING - BRANN

Hu, korleis skal dette gå?
Det hender ofte at eg ynskjer Viking lykke og hell, men ikkje i kveld.
- IKKJE I KVELD!!!
Men eg fryktar, gu som eg fryktar!
Viking har ydmyka oss så til dei grader at sjølv målkalaset i haust gjorde ikkje opp for det. Ja, eg veit at vi ikkje skriv ydmyka på nynorsk, men vi vart det på bokmål for søren, vi vart ikkje audmjuka, det var ikkje så sterkt, berre ein kraftig ydmykelse.
MEN, gjer dei det igjen i kveld, ja så nærmar det seg audmjuking.

- Og ja, Viking fryktar eg.
Eg er klar over at dei tapte for HamKam, og at dei fekk skambank på stadion i haust.MEN det er alltid skummelt når Brann møter Viking.
Det er så skummelt faktisk at eg har ikkje vore nervøs ein gong,eg har vore så sikker på at Viking skal vinne, så resignert at noko meir enn poengdeling har ikkje sveve meg, og poengdeling har eg rekna som så usannsynleg at det var berre ein vanvittig draum.

MEN NO, no er det berre 4 timar til start, og noko begynner å krible. Dei kan fort komme heim med 3 poeng.

Opdal kan fort bli matchvinnar igjen.

Winters kan...Helstand kan..., herregud som dei kan da mann.
MEN...

...eg trur dei tar med seg 3 poeng heim igjen eg.

tirsdag 15. april 2008

FØR KAMPSTART Brann - Strømsgodset

Eg er tidleg ute. Har avtalt å møte sponsorane kl.18.00.Likevel er eg ikkje den einaste som er på veg til stadion.


Her kjem sponsorane

Sjå kor klar dei er for 3 poeng.



Det nermar seg kampstart
spelarane varmer opp
- og eg er nervøs.
Eg er ikkje nervøs for at ikkje alle 3 poenga skal bli igjen i Bergen, men det kriblar av uro, forventning.
Herlig uro :)





onsdag 6. februar 2008

VENTAR PÅ POENG

Null etter null fyller tabellen no.
Det er ikkje før 29.mars at dei første poenga skal rulle inn.
Måtte berre 1.runde starte med ein poengdelingskamp!!!



Laga står der i fin alfabetisk orden, men det skal ikkje vare lenge.
29.mars begynner Ålesund og Vålerenga å samle poeng, og så dei neste to dagane er resten av laga i gang.
Då er det slutt på alfabetisk orden, heisen startar og lag skal opp og ned på tabellen frå runde til runde.
Bortsett frå BRANN.
VI VIL BERRE OPP!!
Hmm...sånn sett er det litt greit for Vålerenga og Viking som startar i bånn. dei får verkeleg klatre.

Vel, det spørst om Vålerenga får klatre særleg då!!