tirsdag 29. april 2008

KORTSPILL PÅ STADION Brann - Lillestrøm

5 KORT, MEN INGEN ESS TIL LILLESTRØM
Gule til Karadas og Gylfi Einarsson. Begge hadde eit frå før, så dei skal passe seg no.

Denne gesten har vi vel sett nokon gonger?!

lørdag 26. april 2008

RBK-TIL 0 - 1

Nokon gonger er det OK å ta feil.
Eg trudde Rosenborg skulle vinne heime, men her er det berre å hente fram det sønderrevne Rosenborg-flagget.
Det eg fann på veg til Stadion ein dag i 2007. Vi minnest jo den dagen.

Ein veit aldri med Tromsø.
Og sjølv om eg etter det Rosenborg viste i forrige runde trudde dei skulle vinne, ja så er eg likevel ikkje overraska.
Det er aldri ei bombe at Tromsø vinn.
Eg likar Tromsø eg. Eg likar Tromsø og Fredrikstad.
Sjølv om Fredrikstad no faktisk toppar tabellen så ynskjer eg dei liksom lykke og hell...iallefall ei stund.
Men eg vil ha Brann over dei.

Når ein snakkar om bomber,
ja så ville det vere ei bombe om Fredrikstad fekk liggje der på toppen særleg lenge.
Eg trur nok at den neste som skal opp dit er Viking.
- Og etter Viking?
- Neimen om eg veit.

MEN no skal snart Brann klatre.
For vi skal vel det?!!!

5.RUNDE er snart igang HEIA VIKING!!!!!!!!!!

Eg trur vi skal slå Lillestrøm, det er eg overbevist om.
Likevel...
...eg hatar å innrømme det, men eg trur det er Rosenborg, Viking, Stabæk og grrr...kanskje Vålerenga som vil kjempe om medaljene i år.

Eg såg Rosenborg i forrige runde, og med Iversen til å putte ballen i mål trur eg dei skal bli meir farlege enn eg likar.
Vålerenga har ikkje imponert. Likevel, når ein helst ville ha dei på nedrykkplass er det klart ein er litt urolig.

Denne runden tippar eg
Brann slår Lillestrøm
Rosenborg slår Tromsø (men ein veit aldri med Tromsø)HEIA TROMSØ
Viking slår Vålerenga ahh HEIA VIKING!!!!!!!!!!!!!!!!!!
Måtte berre HamKam banke Stabæk, men det trur eg jo ikkje.
Og Strømsgodset, - dei kan fort få 3 poeng.

mandag 21. april 2008

4.runde

Det bles ein kald blå vind over fotball-norge.

4.runde

Fredrikstad-Bodø/Glimt gjenstår.
Fredrikstad kan faktisk gå like til toppen av tabellen og gjere den litt mindre blå.

torsdag 17. april 2008

TENK SÅ GREIT



Tenk så greit med 3 poeng i neste runde.
Stabæk får 0
og Nanskog blir forbanna.
Tenk så greit det ville bli hvis Brann lå øverst på tabellen

Tenk så greit det hadde vært om BRANN
vant både serien og cupen
og solen skinte...

Tenk så trist hvis Opdal ikke finner formen

Tenk så greit det hadde vært om BRANN
vant både serien og cupen
og solen skinte...

tirsdag 15. april 2008

BRANN - STRØMSGODSET 1-1


DER REGNBUEN ENDAR SKAL DET FINNAST GULL!
DETTE LOVAR GODT.

Hm, kan det vere fjordårets gull som ligg der då? Nei...det må jo vere det vi skal ha i år??!!

Før
Brann - Strømsgodset gledde eg meg aller mest til Helstads tredje mål.
Det kom ikkje.
Det vart ikkje 3 poeng heller.
Eg som visste at det ville bli 3 i denne kampen. Eg visste det ville bli målfest.
Så vart det poengdeling og ein kamp med to mål

MEN det var ein kjekk kamp.
Likevel, det var så forskjellig frå forrige år. Eg er liksom vant til at Brann brukar 15-20min. før dei har festa grepet og er i føringa. Så i andre omgang skal dei vere sååå sterke.
No er det snudd heilt på hovudet.
Dei var bra i første omgang. Så var det ein laber andre omgang bortsett frå ein periode mot slutten der dei verkeleg pressa, - det vart berre ikkje mål.

Det var gøy å sjå Demba Nyren på banen. Han gler eg meg til å sjå meir av.


Opdal tok ansvar for tapte poeng.
Eg veit ikkje eg, eg synest det er fleire som skal dele ansvaret med han.
Men det skal jo bli fint å ha han i form igjen.


Uansett kva som skjer framover så gler eg meg til det.

FØR KAMPSTART Brann - Strømsgodset

Eg er tidleg ute. Har avtalt å møte sponsorane kl.18.00.Likevel er eg ikkje den einaste som er på veg til stadion.


Her kjem sponsorane

Sjå kor klar dei er for 3 poeng.



Det nermar seg kampstart
spelarane varmer opp
- og eg er nervøs.
Eg er ikkje nervøs for at ikkje alle 3 poenga skal bli igjen i Bergen, men det kriblar av uro, forventning.
Herlig uro :)





mandag 7. april 2008

SKUMMELT

Desse skal bli skumle.
Var det nokon som skremde vettet av meg denne runden så var det Stabæk.
Som om det ikkje var nok med Nannskog og Veigar Pall Gunnarson.
Denne nye svensken deira ser farleg god ut.


Han har nok ikkje sett sitt siste mål for Fredrikstad.

Kor lenge blir han i Fredrikstad?

lørdag 5. april 2008

fredag 4. april 2008

"SUPPORTERNES KLARE TALE" - opprop.no

Oppropet kan signerast HER

Sitat frå opprop.no:

"Til NFF

NFF har før årets tippeligastart kommet med nytt regelverk for hva som skjer på stadion før kampstart.

I dette regelverket har de fjernet muligheten for avspilling av "klubbsanger", samt opplesning av lagoppstilling mens spillerne står på banen og mottar sin hyllest eller hets fra tribunen.

NFF sitt regelverk påvirker stemningen på tribunen negativt.

Hvorfor skal vi supportere akseptere å få deler av stemning stadion ødelagt pga ett forbund som gjentatte ganger viser arroganse for den gode supporter?

Ved å sette ditt navn på denne kampanjen viser du at du støtter den gode tribunestemningen, og ønsker at NFF skal fjerne sitt nye regelverk, og heller støtte oppunder det som har vært et bidrag til den økte stemningen på norske arenaer.


Registrert av:Mats Arve Teigen, Mats Teigen [17:27 03.04 2008]"

Oppropet kan signerast HER


http://fotball.bt.no/eliteserien/article103662.ece

MEDAN VI VENTAR PÅ ANDRE KAMP

Desse er jo kjekke å kikke på medan vi ventar på at han skal bli frisk,på at Helstad skal putte og Opdal skal plukke.

Dette er snadder for alle med hjertet i Brann.
BergenDanny har produsert ein orntlig fin kavalkade over fjordåret.

1 VÅREN 2007





2 HAUSTEN 2007