Denne gongen er det ikkje Brann – Vålerenga,
det er Brann – Martin … og så er Vålerenga med.
Eg har aldri sett Brann – Vålerenga på stadion, og denne gongen blir det ikkje eit vanleg Brann – Vålerenga oppgjør.
16.mai er første gong vi ser Martin Andresen på Stadion etter gullfesten.

Kva lyd blir det når Martin Andresen blir ropt opp?
Det blir garantert ikkje som når Kvisvik besøker Stadion.
Eg trur ikkje vi kan sei han har
drete på draget heller, han visste kva han gjorde.
Martin Andresen er ikkje dum.
Han er ein mann med ambisjonar, og han
er dyktig
Eg oppfattar han som ein mann med ambisjonar på vegne av seg sjølv aleine.
Det er heilt legalt, du kan fort bli hata, men sjeldan elska.
Men altså,
dreit han på draget då han ikledd Branndrakt prøvde å få andre i Brannteamet med over til Vålerenga?
- Var han berre iskald og visste akkurat kva han gjorde?
- Eller var han litt ute av kontroll?
Var han litt for berusa av at han hadde nådd målet slik at han gjorde ting vi berre ikkje gjer.
Vart han litt for fort litt for ivrig etter å nå nye mål?
Det er klart du blir ikkje elska når du går over frå Brann til Vålerenga før gullet har kolna etter det kom frå smia,
når du stiller i blått før sesongen er over,- skal vedde på han hadde Branntrøya under den blå, kunne knapt ha tid til å få den av.
Det er ikkje akkurat slikt supporterar har forståelse for.
Likevel, det som mest av alt er ille det er dette at han undersøkte mulighetene for å få andre med over fra Brann til Vålerenga medan han fortsatt var Brannspelar.
Det verste er at eg får ikkje til å ønske han anna enn lykke og hell.
Ikkje med Vålerenga då, nei søren heller, Vålerenga og Martin skulle eg ynskje vart banka til dei grader 16.mai. Dei måtte gjerne rykke ned!!
Utover det så ynskjer eg mannen lykke og hell uansett om han har drete på draget eller berre vore iskald og kynisk.
Eg får berre ikkje til å hate eit heilt menneske.
Eg får heller ikkje til å leggje bort siste del av gullåret når eg tenkjer på neste heimekamp.