Viser innlegg med etiketten TROMSØ. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten TROMSØ. Vis alle innlegg

lørdag 26. april 2008

RBK-TIL 0 - 1

Nokon gonger er det OK å ta feil.
Eg trudde Rosenborg skulle vinne heime, men her er det berre å hente fram det sønderrevne Rosenborg-flagget.
Det eg fann på veg til Stadion ein dag i 2007. Vi minnest jo den dagen.

Ein veit aldri med Tromsø.
Og sjølv om eg etter det Rosenborg viste i forrige runde trudde dei skulle vinne, ja så er eg likevel ikkje overraska.
Det er aldri ei bombe at Tromsø vinn.
Eg likar Tromsø eg. Eg likar Tromsø og Fredrikstad.
Sjølv om Fredrikstad no faktisk toppar tabellen så ynskjer eg dei liksom lykke og hell...iallefall ei stund.
Men eg vil ha Brann over dei.

Når ein snakkar om bomber,
ja så ville det vere ei bombe om Fredrikstad fekk liggje der på toppen særleg lenge.
Eg trur nok at den neste som skal opp dit er Viking.
- Og etter Viking?
- Neimen om eg veit.

MEN no skal snart Brann klatre.
For vi skal vel det?!!!