tirsdag 15. april 2008

BRANN - STRØMSGODSET 1-1


DER REGNBUEN ENDAR SKAL DET FINNAST GULL!
DETTE LOVAR GODT.

Hm, kan det vere fjordårets gull som ligg der då? Nei...det må jo vere det vi skal ha i år??!!

Før
Brann - Strømsgodset gledde eg meg aller mest til Helstads tredje mål.
Det kom ikkje.
Det vart ikkje 3 poeng heller.
Eg som visste at det ville bli 3 i denne kampen. Eg visste det ville bli målfest.
Så vart det poengdeling og ein kamp med to mål

MEN det var ein kjekk kamp.
Likevel, det var så forskjellig frå forrige år. Eg er liksom vant til at Brann brukar 15-20min. før dei har festa grepet og er i føringa. Så i andre omgang skal dei vere sååå sterke.
No er det snudd heilt på hovudet.
Dei var bra i første omgang. Så var det ein laber andre omgang bortsett frå ein periode mot slutten der dei verkeleg pressa, - det vart berre ikkje mål.

Det var gøy å sjå Demba Nyren på banen. Han gler eg meg til å sjå meir av.


Opdal tok ansvar for tapte poeng.
Eg veit ikkje eg, eg synest det er fleire som skal dele ansvaret med han.
Men det skal jo bli fint å ha han i form igjen.


Uansett kva som skjer framover så gler eg meg til det.

2 kommentarer:

Petunia sa...

Huff, du vet hvordan det gikk i 1963?
*Grøsse*

Tone sa...

Ja,visst f.. gjør jeg det.
Nei det går ikkje heilt ille, men gull?